Heim

 

Om oss

 
Medlemmer  
Medlem login 
Styre og utval  
 Kalender  
 Konsertar  
Galleri  
Tema  
Rekruttering  
Lenker  
Kontakt oss  
   
Bli med i OMF?  
 
Norges Musikkorps Forbund

Medlem av
Norges Musikkorps
Forbund

 
 
   
   
   
   
   
   
   

Tilbake

Kvintsirkelen
Kvintsirkelen er ei samling skalaer ordna i rekkefølgje etter tal på forteikn. Systemet er at når ein går opp ein kvint i forhold til eit utgangspunkt, leggast det til eit forteikn. For eksempel: Er ein i C-dur, som er utan forteikn, er neste toneart i kvintsirkelen G-dur, då G er ein kvint ovanfor C. Det vil sei at G-dur har eitt forteikn. Forteiknet her blir kryss, sidan ein har gått opp. Går ein ned, altså til F, som er ein kvint nedanfor C, skal ein legge til ein b.

Toneart
Vi kan forholdsvis sikkert bestemme tonearten til ein song ved å bruke kvintsirkelen og sjå på avslutningstonen. Sidan dei aller fleste songane sluttar på grunntonen (sjeldan ters eller kvint) kan vi ved å sjå på forteikna i kvintsirkelen og avslutningstonen, avgjere tonearten.

Grunntonar i dur- og mollskalaer
Grunntonane i dur med store bokstavar utafor sirkelen.
Grunntonane i moll inne i sirkelen med små bokstavar.

Eksempel på toneart: 
Forteikn-> B-dur/G-moll

Sluttone    


Kvintsirkel dur/moll


 

Nyttige tema:

Kvintsirkelen
Intervall
Sirkelpust
Grepstabellar for treblås
 

 Har du eit tema du vil dele med oss andre? Då kan du senda tips og innhald på e-post -->   E-post

 

 Os Musikkforening, Postboks 165, 5203 Os   -   Org.nr. 979 620 713   -   E-post   -   2005©2007