Heim

 

Om oss

 
Medlemmer  
Medlem login 
Styre og utval  
 Kalender  
 Konsertar  
Galleri  
Tema  
Rekruttering  
Lenker  
Kontakt oss  
   
Bli med i OMF?  
 
Norges Musikkorps Forbund

Medlem av
Norges Musikkorps
Forbund

 
 
   
   
   
   
   
   
   

Tilbake

SIRKELPUST

cartoonMålet er å halda ein tone lengre enn du har kunna på ein pust. Trikset er å pusta inn gjennom nasen samtidig med at ein blæs ut gjennom munnen. Først må du legge bort alle formaningar om ikkje å blåse opp kinna når du spelar. Du vil også oppleve at klangen i instrumentet kan bli noko trong, men det får ein akseptere her.

Steg 1:

Blås opp kinna og steng for i halsen med tunga. Trykk ut lufta sakte med kinna.

Steg 2:
Sjå om du får til lyd på instrumentet gjennom å blåse kun kinnlufta. Ikkje forvent deg ein vakker klang. Du kjem naturligvis ikkje til å kunne holde lufta særlig lengre enn eit sekund.

Steg 3:
Gjer som over, men pust inn gjennom nasen og ned i lungene samstundes som du trykker ut lufta med kinna.

Steg 4:
No skal det trenast på overgangen mellom kinnlufta og lungelufta. Etter at du har brukt opp kinnlufta må du opne bak i munnen slik at lungelufta kan ta over, og halde tonen ved liv.

Steg 5:
No skal kinna fyllast igjen. La dei blåsast opp av lungelufta samstundes som du held tonen. No er du klar til å gjenta dette om og om igjen.

Det ingen ting i vegen for å halde ein tone i fleire timar på dette viset. Nokre klarer til og med å spele passasjar av tonar samstundes som dei sirkelpustar.

Lykke til!

(Henta frå NMF sine sider: http://www.lekmedinstrumentet.no)

 Har du eit tema du vil dele med oss andre? Då kan du senda tips og innhald på e-post -->   E-post

 

 Os Musikkforening, Postboks 165, 5203 Os   -   Org.nr. 979 620 713   -   E-post   -   2005©2007